Bidra til nynorskomsetjinga
Viss du finn direkte feil i nynorskutgåva av WordPress, eller har konkrete framlegg til korleis utgåva kan bli betre, er det flott om du melder deg som omsetjar. Det same gjeld om du berre har lyst til å få ut nynorskutgåvene av WordPress så snøgt det går an, eller har lyst til å få meir av tilleggsfunksjonane (utformingar, innstikk oa.) på nynorsk. Spesielle fagkvalifikasjonar treng du ikkje, men du må sjølvsagt vera heilt stø i nynorsk, og ha litt greie på språkbruk i programvare og på nett.
Ein god måte å koma i gang på, er å gjera slik:
- Bli medlem på wordpress.org.
- Logg på translate.wordpress.org med wordpress.org-brukarnamnet.
- Omset.